Om Grønne Fingre

Grønne Fingre - Gartner i Florø

Grønne Fingre AS vart etablert i 2009. Vi er i dag tre personar som jobbar full tid i firmaet og tre personar som jobbar for oss på prosjektbasis med hagedesign, trepleie osv.

Dagleg leiar er Aud Norunn Vig, som er utdanna gartnar, hagedesignar og aborist. No er ho i gang med å fullføre utdanning som anleggsgartnar. Ho har ti års erfaring med oppdrag både med private og offentlege anlegg, mellom anna med skjøtsel av ulike parkanlegg i Bergen.

Brian Høyberg er anleggsgartnar, og Jan Tore Vig er driftskoordinator/seljar i firmaet.

Grønne Fingre er medlem av Norsk Trepleieforum og av SOA (Senter for opplæring i anleggsgartnerfaget).

Vi samarbeider med ei rekke leverandørar av kvalitetstenester og kvalitetsprodukt til hagar og andre uteområde.