Hage og uteområde

Hage og uteområde

Grønne Fingre designar hagar til alle slags formål både for private og offentlege kundar. Vi kan lage deg ein velfungerande hage eller park, liten eller stor, etter dine ønskje og behov.

Når vi designar, tek vi oss god tid til å lytte til kva behov og ønskje kunden har. Vi jobbar hardt for å få eit resultat som du kan vere fornøgd med lenge. Vi har god erfaring med å tenke estetikk saman med funksjonalitet og universell utforming.

Hageplanleggar

Rådgjeving

Rådgjevingstime

Vi kjem til kunden, ser på staden og skisserer ei løysing der og då saman med kunden.

Planlegging

Hageplan

Vi utarbeider ein hageplan etter nøyaktige mål, med plassering av planter, kor mykje planter som trengst, tilførsel av jord osv. Prosjektering inngår i pakken.

Vedlikehald

Hageplan/vedlikehaldsplan

Som pakke 2, med vedlikehaldsplan i tillegg. Denne omfattar rådgjeving/planlegging av gjødsling, mosefjerning osv. Vi kan også utføre hagevedlikehaldet til avtala tider.